«Spora frå Versailles»

Svar til Halvor Tjønn i Dag og Tid nr. 6/19 av Brynjulv Gjerdåker, Norge ut av NATO

I artikkelen «Spora frå Versailles» (DT nr. 5/19) gjer Halvor Tjønn seg tankar om fylgjene av traktaten som sigerherrane i 1. verdskrigen signerte i juni 1919. Tjønn dreg opp liner, ikkje berre til 2. verdskrigen, men like fram til våre dagar. I den siste delen av denne lange perioden kjem Russland sentralt inn i synsfeltet hans. Det audmjuka Tyskland i 1919 er her avløyst av eit audmjuka Russland etter 1991.

I mellomkrigstida kom det tyske nazipartiet til makta i 1933. «Lebensraum» i aust var heilt frå maktovertakinga ein sentral ambisjon. Me veit korleis denne vart sett ut i livet og korleis det kom til å gå. Tjønn seier det ikkje uttrykkeleg, men impliserer tydeleg nok at Europa no er truga austanfrå. Er det så noko som tyder på at Russland i dag har ein vilje til maktbruk på land i Sentral- og Vest-Europa – som Polen, Romania og alle dei andre vestover, tilsvarande den til det tyske naziregimet eller som på nokon rimeleg måte kan samanliknast med denne? Nei, det gjer ikkje det. Sovjetunionen søkte i det lengste politisk kontroll over grensestatane sine i vest under den kalde krigen. Etter 1991 vart desse landa og mest alle andre europeiske land medlemer av både EU og NATO. Kva ein enn måtte meina om russisk otte for eit offensivt NATO, som no har mest kringsett landet, blir det å snu saka på hovudet å tala om ein risiko for russiske erobringar vestover. Krim-konflikten spelar inga rolle i denne konteksten.

USA er garanten for fred, fridom og sivilisasjon i Tjønn sitt bilete, jamvel om han ikkje er uttrykkeleg på at han har desse ideala i tankane. At USA ytte sitt til utfallet av dei to verdskrigane, er udiskutabelt. Men i det siste halve hundreåret – med såkalla engasjement i Vietnam, Afghanistan, Irak, Libya og mange fleir – har Pax americana vore ambisjonen, økonomiske interesser eit hovudmotiv og militærmakt det uttrykkelege midlet. Intensjon med og gjennomføring av dei mange engasjementa har just ikkje vore prega av fred, fridom og folkerett, snarare det motsette! 

Tjønn ser for seg at Trump kan finna på å dra US-styrkane ut av Europa og lata verdsdelen ta ansvaret for eigen tryggleik. I denne samanhengen talar han om fåren for eit makt-vakuum i Europa i våre dagar, og at «dei europeiske landa ikkje er interesserte i å bruka pengar på å forsvara seg sjølve». Påliteleg statistikk syner at Russland dei siste ti åra brukte mindre enn ein femdel på sitt forsvar samanlikna med tilsvarande samla investeringar i Sentral- og Vest-Europa – ca 50 mrd. vs. ca 270 mrd. årleg, rekna i US dollar (kjelde: SIRPI). Tjønn meiner tydeleg nok at landa i Sentral- og Vest-Europa ikkje er interesserte i å bruka denne militære styrken sin om dei finn det naudsynt. Kvar har han det ifrå?

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..