
Markering foran Stortinget fredag 18. mars kl 16.00
NATO skal klirra med våpen i så godt som heile Noreg under den såkalla øvinga Cold Response. Mesteparten av aktiviteten skal gå føre seg i Nord-Noreg, irekna Porsangermoen ikkje langt frå den russiske grensa i tida midten av mars til førstninga av april. Med 35000 soldatar frå NATO-land og diverre også dei “nøytrale” Sverige og Finland er det den største troppekonsentrasjonen i Noreg sidan 1980, og truleg den største i Nord-Noreg nokon gong.
NATO er ein aggressiv militærorganisasjon som blant anna har ført krig mot Jugoslavia og Libya utan sjølv å vera truga og utanfor det nordatlantiske området. Det er ingen garanti for at ikkje NATO kan driva øydeleggjande bombardement også mot austeuropeiske land som ikkje er medlemer av NATO. Dessutan har NATO gjevi seg rett til førstebruk av atomvåpen.
Noreg må ikkje verta arena for noko krigskodespel, korkje kaldt eller varmt; Noreg må melda seg ut av NATO og ikkje tillata amerikanske basar på norsk jord. Vi er også mot all opprusting i alle land og mot aukande profitt til våpen-produsentar og -eksportørar.
VEL MØTT!
Arr: NKP UK Norge ut av NATO
