Russland som fiendebilete

Innlegg i Dag og Tid 25.01.2018

av  prof. em. historie Brynjulv Gjerdåker, Norge ut av NATO

Det sjølvstendige Noreg hadde vore alliansefritt frå 1905 til 1949, då regjeringa søkte forsvarsfellesskap og medlemsskap i A-pakta (NATO). Bakgrunnen for tilslutninga til den nye alliansen var dels ei sterkare orientering mot det anglo-amerikanske vest enn før den andre verdskrigen og ikkje minst – med eitt ord – russarfrykt.

Skepsisen til – eller otten for – den store russiske bjørnen hadde tilfanget sitt eit stykke attende i tida. Tek me eit utgangspunkt ved utgangen av 1800-talet, verserte uttrykket «den finske fare» i politiske krinsar. Finland var eit storhertugdøme under Russland (enno fram til 1917), og dei mange finnane (kvenane) som kom til Finnmark og Nord-Troms med størst tyngd i den andre halvdelen av 1800-talet, vurderte ein del rikspolitikarar skeptisk som ei potensiell 5.-kolonne i Noreg.Skepsisen til – eller otten for – den store russiske bjørnen hadde tilfanget sitt eit stykke attende i tida. Tek me eit utgangspunkt ved utgangen av 1800-talet, verserte uttrykket «den finske fare» i politiske krinsar. Finland var eit storhertugdøme under Russland (enno fram til 1917), og dei mange finnane (kvenane) som kom til Finnmark og Nord-Troms med størst tyngd i den andre halvdelen av 1800-talet, vurderte ein del rikspolitikarar skeptisk som ei potensiell 5.-kolonne i Noreg.

På ei anna side: I denne regionen i nord hadde handelssamkvemet med russarar, pomorhandelen, hatt ei mangehundreårig historie. Fram til den andre halvdelen av 1800-talet var befolkninga i Finnmark og Troms jamvel avhengige av tilførsle av russisk korn i periodar. Det fanst altså eit veletablert økonomisk samkvem over landegrensa der nord.

Politisk var det ei line i russiske relasjonar til Skandinavia gjennom 1800-talet å hemja maktambisjonane til storebror i den svensk-norske unionen. Russisk diplomati arbeidde for ein laus og velvillig, nøytral union mellom dei to tvillingrika. Det var derfor følgjerett at Russland var tidleg ute, ja, faktisk det første landet til å anerkjenna den autonome norske staten i 1905.

I den første verdskrigen gjekk Tyskland til åtak bl.a. på Russland. Elendet som følgde av krigen leidde til revolusjonar i Russland. Den siste, hausten 1917, vart leidd av bolsjevikane, som slutta fred med Tyskland. Ei følgje av denne revolusjonen var det frie, autonome Finland. Ei anna var ein hard borgarkrig, som snøgt vart ein intervensjonskrig, der vestmakter i fleirtal – Storbritannia, Frankrike, USA – søkte å hjelpa Russland mot russarane. Noreg var ikkje med på denne illegitime innblandinga i det russiske maktoppgjeret 1918-1920. Kommunisme smakte den største delen av det politiske Noreg dårleg både ideologisk og som politisk system. Men fleirtalet i den politiske arbeidarrørsla slutta seg til Komintern, eit samband som varte nokre år.

Tysk revansjisme og ambisjonar om verdsherredøme førte til eit nytt og massivt åtak på Sovjet i 1941. Sovjet vart no snart ein alliert med vestmaktene mot det tyske nazi-regimet – ein militærtaktisk/-strategisk allianse. På norsk territorium hadde dette samarbeidet til følgje at russiske styrkar i 1944 dreiv okkupasjonsmakta ut av Finnmark og Nord-Troms, og trekte seg så attende – med eit mannskapstap på mange tusen. Kampen mot den felles fienden sette innbyrdes motsetnader på vent til krigen var vunnen i 1945.

Med NATO-medlemskapen slutta Noreg seg til ein stormaktsallianse, der småstaten ville måtta rekna med innordning og minimal innverknad. I størstedelen av norsk dagspresse har ein halde liv i russofobien gjennom heile den kalde krigen. At dette trugsmåls- eller fiendebiletet var oppkonstruert, vart tydeleg for alle som ville sjå, då offentlege sentralarkiv både i aust og vest vart opna i 1990-åra. Som professor Oddbjørn Melle har konstatert (Klassekampen 30. mars 2017), kom det då for ein dag at Noreg heile tida hadde lege utafor den sovjetiske interessesfæren. Det hadde heller ikkje vore nokon fåre for sovjetiske åtak på Vest-Europa generelt. Desse arkivfunna har ikkje blitt eksponerte i norske massemedia.

I historieverket «Norge og Russland 1814-2014» (Pax 2015) er det asymmetriske ved tilhøvet mellom dei to landa vektlagt, først og fremst maktpolitisk. Noreg var og er ein småstat, Russland – også etter at Sovjetunionen gjekk i oppløysing – ei stormakt. Men gjennom tidene er samforstanden om eit interessefellesskap om naturressursane i nord ei lang line i norsk-russiske relasjonar. Forhandlingane som resulterte i grensedraginga mellom russisk og norsk territorium i 1826 og reetableringa av den same grensa etter den andre verdskrigen, er to merkepunkt på denne lina. Hit høyrer også samarbeidet mellom Sovjetunionen og Noreg om forvaltninga av sel- og fiskebestandane i Nordishavet. Det konfliktpotensialet den kalde krigen bar med seg, var først og fremst ein funksjon eller ein konsekvens nettopp av at dei to landa var integrerte i sine respektive maktblokker. Bilateralt ordna det seg derimot i det heile på fredeleg vis. Som det heiter i det konkluderande avsnittet i dette historieverket: «Klartenkte enkeltpersoner på norsk side forsto (…) at «russerfrykten» etter alt å dømme var i utakt med russisk tenkning og russiske ambisjoner. Det manglet et faktisk konfliktgrunnlag» (b. 2, s. 637).

Det er ingenting som tyder på at dette har endra seg under Putin. Konfliktgrunnlaget manglar. Konklusjonen blir altså at Russland/Sovjet/Russland gjennom det siste hundreåret og lenger aldri har vore noko trugsmål mot norsk integritet og suverenitet, og er det heller ikkje i dag.

 

Høstens aktiviteter

Tirsdagstreff på kafé Nohas Ark, Grünerløkka, kl 12 – alle tirsdager!
Møt gjerne opp for en hyggelig prat på vårt faste treffsted, kaféen Nohas Ark, ved hjørnet av Thorvald Meyers gate – Schleppegrells gate. Se etter folk med «Norge ut av NATO» merker.

Stand på Olaf Ryes plass tirsdag 14. november kl. 14-16
Møt gjerne opp for en hyggelig prat på vårt faste treffsted, kaféen Nohas Ark, ved hjørnet av Thorvald Meyers gate – Schleppegrells gate. Se etter folk med «Norge ut av NATO» merker.

3500 i fredsdemonstrasjon i Gøteborg 16.09.

Klikk for å lese i stort format.


Norge ut av NATO,  Internasjonal kvinneliga for fred og frihet, Stopp NATO, Bestemødre for fred, Fredsbevegelsen på Nesodden og Norge for fred utgjorde en norsk seksjon i demonstrasjonen mot krigsøvelsen Aurora 17. Vi møtte stor positiv interesse fra svenske aktivister og presse, se bilde. Dette ble oppstarten på et videre samarbeid mot en enda større NATO-øvelse, Trident Juncture, neste høst i Midt-Norge. Opptil 50.000 NATO-soldater skal øve på forflytning av stridskrefter mot Østersjø-kysten. Nyttige kontakter og diskusjoner med våre nordiske meningsfeller var lønn for strevet i striregnet i Gøteborg!

3 500 i tog mot NATO og Sveriges vertslandsvavtale. Kilde: Göteborgsposten

 

Svensk presse snakker med Brynjulv Gjerdaker fra Norge ut av NATO

 

En parole som ble lagt merke til!

 

Internasjonal kvinneliga for fred og frihet slo et slag for freds- og dialogreise til Russland

 

Fredsvagten fra Danmark

 

Forberedelser til fredsaksjonen Stoppa Aurora i Gøteborg 16.09.

2. august startet planleggingen av norsk deltakelse i den store nordiske mobiliseringen mot krigsøvelsen Aurora 17 i Gøteborg 16. september. Stopp NATO, Bestemødre for fred, Internasjonal kvinneliga for fred og frihetNorge ut av NATO og Fredsbevegelsen på Nesodden  ble enige om en tekst til løpeseddel alle kan skrive ut,  foruten et opplegg for å gjøre saken kjent. Flere fredsgrupper vil slutte seg til etter ferien. Et åpent informasjonsmøte i Oslo er planlagt i starten av september. Følg med på vår nettside eller få oppdateringer på epost.

Løpeseddel Aurora
Fredsaksjonen Stoppa Aurora
Demonstrera mot Aurora
Stopp NATO

Vellykket debattmøte på Litteraturhuset

Norge ut av NATO og Nei til nye NATO arrangerte et åpent debattmøte på Litteraturhuset i Oslo 30. mai 2017. Dagens tema var «NATO: En trussel og en moralsk fallitt for Norge».

Vigdis Hjorth ønsket på vegne av arrangørene velkommen til en fullstappet sal og ga en kort innledning om hvordan kampanjen Nei til Nye NATO oppsto som en spontan reaksjon på NATOs nye doktrine, Out Of Area, høsten 1999.

Torgeir Rebolledo Pedersen slo så an tonen med en urframførelse av et sviende dikt om alliansen.

Les videre